Bergensgutter i utakt

september 25th, 2010  |  Published in Undersøkelsen  |  1 Comment

Mens 11-årige jenter i Bergen har samme navn som i 1865, har guttene nye navn. Er guttene i utakt med nasjonale navnetradisjoner? Og er jentene tradisjonsbærere?

Dette er noen av resultatet av undersøkelsen blant deltakerne på historie-stasjonen fredag 24. oktober .


Bergensgutar i utakt – tradisjonelle jenter?

Det var overraskande at dagens 11-åringar hadde førenamn som korkje var populære i Bergen i 1865, eller var populære i Norge i 1999 (fødselsåret for våre 11-åringar). Unntaket er nokre av Bergens-jentene med namn som Julie/Julia og Ingrid. Dette var populære namn i 1865 og er populære i dag. Namnestatistikk er vanskeleg å tolke, men det kan tyde på at Bergensarane i dag er i utakt med den nasjonale namnetradisjonen. Dette gjeld særleg gutane. Samstundes viser det at jentene har meir tradisjonelle Bergens-namn. Kanskje er det slik at ein først og fremst knyter familieband og slektsband med val av namn på jenter, ikkje på gutar. Dette kan gi større stabilitet for jentenamna enn gutenamna. Jentene er tradisjonsbærarar?

Migrasjon – lite familieflytting, auka innvandring frå utlandet

Undersøkinga viste at prosentdelen Bergensfødde 11-åringar var høg både i 1865 og 2010, eit fåtal var fødd utanfor Bergen. Dette tyder på familieflytting til Bergen ikkje var og ikkje er særleg utbreidd. Vi veit at innflyttaren på 1800-talet var ein ugift ungdom kring 16-25 år. Derimot var delen 11-åringar frå utlandet var høgare i 2010 enn i 1865. Fleire 11-åringar frå utlandet i 2010 tyder på familievandring frå utlandet er meir vanleg i dag enn det var.

Lite barnearbeid – mangelfull registrering?

Det var få 11-åringar som var oppført med eit yrke i folketeljinga 1865. Ei årsak kan vere fordi barns yrkesaktivitet blei ikkje oppgitt. Nokre barn arbeidde truleg som bud i foreldras butikk eller verkstad utan at det blei registrert. Eit anna forhold er at den tidlege industrireisinga i Bergen var prega av tungindustri, skipsbygging og mekanisk industri. Industrialiseringa seinare på 1800-talet var betre ”eigna” for barnearbeid. Først i 1912/1914 var barnarbeid effektivt regulert bort med lov.

1865: Barna budde heime

Dei fleste 11-åringane budde heime i 1865. Nokre få 11-åringar var læredrengar innan handsverksyrke eller var tenestepiker, men delen var lav. Vi veit at det var først ved 15-års alderen at barn flytte bort frå foreldreheimen.

Barn i vekstområda av 1800-tals byen

Den geografiske fordelinga viser at 11-åringane i 1865 budde i utkanten av 1800-talsbyen, i vekstområda. Mange av dei utplukka 11-åringane budde på Nøstet, Sydnes, Marken og i Stølen. Dette var vekstområda på 1800-talet, med mange (vaksne) innflyttarar, mange etablerarar og med rimelege bustadar.

Responses

  1. Årets beste stasjon! :: Ung i 1865 says:

    september 25th, 2010 at 22:39 (#)

    […] I juryens begrunnelse ble det særlig lagt vekt på at de besøkende selv fikk delta i ekte forskning. Du kan lese litt om resultatene fra fredagens undersøkelse her. […]